Sv: Middager på rundt 500 kcal
Denne suppa http://m.matprat.no/c.jsp?cid=254741...cle%2F1618%2F4 prøvde vi forrige veke. 1/4 av oppskrifta gir 350 kcal, og eg blei stappmett!
Grønnsaksbaserte gryteretter og supper er generelt gode alternativ.
Eg har ei torskegryte, med rotgrønnsaker, torsk, karri og litt potet som oggir3-400 kcal til eit måltid (oppskrifta er ikkje tilgjengeleg frå phonen, men eg kan finne ho neste veke).
Supper av mosa grønnsaker er og veldig mettende. Eg har laga ein del suppe av hakka tomat og frest løk og kvitløk, miksa i stavmiksar (to løk og to bokser hakka tomat). Fyll på med steikt kylling i terninger, gulrot, kålrabi og potet i terningar, selleristang i biter og anna som kan vere godt. Smak til med chili, salt og pepper.
Kålrabistappe av kålrabi, gulrot og lettmelk med fiskekaker til er og mettende og kalorifattig.
Torsk pakka inn i bacon med pinjekjerner og brekkbønner, steikt i form med ein moderat porsjon potet til er godt og porsjonene kan lett skalerast ned til under 500 kcal (kan finne steiketid og temperatur i midten av neste veke, men det må og slåast opp. Minn meg gjerne på det!).
Rød bulgur (http://veganmisjonen.blogspot.no/201...ulgur.html?m=1) med ein dæsj yoghurt naturell til og mykje salat til, er godt saman med dei fleste varianter av steikt kjøtt eller fisk. Bulguren gir omlag 100 kcal pr. porsjon, så det går det an å spise mykje av.
|