Sv: Dubai
Og kva ein bør sjå... Burj Kalifa er vel obligatorisk, vi var der om kvelden og lysfontenene på bakken var spektakulære. Vi var og på ørkensafari, med middag i beduinerleir. Det var artig, men veldig turistifisert og det kjendest ikkje akkurat som ei autentisk arabisk oppleving. Det er fleire store handelssenter der, alle har bønnerom for både kvinner og menn. På det eine er det innandørs slalombakke og det andre har eit gigantisk akvarium. Storleiken på butikkane er i seg sjølv fascinerande. Men alt dette finn du i dei fleste turistbrosjyrer.
Vi var på omvisning i ein moské, det synest eg var veldig spennande. Det var ein organisasjon som heite Open Doors, som dreiv med kulturformidling, som organiserte det. Det er faste tider i veka, ein kan dra dit.
|