Sv: Rundkjøringer og trafikkvennlig bybilde for barn
Det med lyskryss/ forgjengarovergang 25-50 meter frå rundkjøring, trur eg er meir vanleg på mindre plassar, med moderat trafikk inn mot rundkøyringa. Det vil vel verke mot si hensikt, trafikkmessig, i store kryss som på Aleksander Kiellands plass og Carl Berner. Eg veit om fleire slike kryss, men dei er gjerne i mindre trafikkerte område, som på Lørenskog, ved Knattenkrysset. Tvetenveien er også nemnd over, like ved Bryn skole.
Dette er likevel begge eksempel på kryss med rundkøyring nær skular, så det kan jo hende det går an å kontakte bymiljøetaten via FAU eller liknande? Her i nærmiljøet, har det vore to slike sakar, ei med innføring av 30-sone i boligområdet og ei som går på parkering som gjer kryss i skulevegen uoversiktlig. FAU har jobba inn mot bymiljøetaten og både stoppforbod og 30-sone er innført. Men igjen, det er jo mindre kostbart å slenge opp eit par parkering- og stopp forbudt-skilt, enn å lage lyskryss, undergang, gangbru, etc. Det er rart at det ikkje blir tatt meir høgde for forgjengarar, i område kor det går meir folk.
|