Sv: Frukt i matboksen
Opprinnelig lagt inn av apan, her.
Jeg reagerer egentlig på at mange mener dette er helt ok fordi HI sin sønn har dårlig matlyst. Min jente har ikke dårlig matlyst, men jeg liker at hun får noe annet enn bare brødskiver likevel. Det er ikke sånn at barn med god matlyst ikke trenger og har godt av litt annen mat enn skiver.
Dei får jo anna mat enn skiver til fruktmåltidet. Og i barnehagen vår er det alltid rikelig med agurk, tomat og paprika på bordet til lunsj som barna forsyner seg av. Så dei får inn litt frukt og grønt der også.
Eg syns det er heilt ok om andre velger å ha anna mat enn skiver i matboksen uavhengig av dårlig matlyst dersom dei ønsker det, men eg reagerer på at mange av dei som gjer dette meiner at vi som holder oss til skivene og kanskje litt rosiner i ny og ne gjer eit dårligare valg. Du antyder jo også dette når du skriver at barn trenger og har godt av anna mat enn skiver.
Kvifor kan ein ikkje putte fullkornsvafler og eksotisk frukt i matboksen uten å rakke ned på andre sine valg?
Kvifor kan ein ikkje berre seie vi er lei av skiver og vil ha noko anna i staden for å seie at skiver er kjedelig og dårlig mat?
Sålenge det er sunt og variert pålegg på skivene og brødet er sånn passe grovt så er det meir enn godt nok med skiver til lunsj! Eg syns det er ille at alt må vere så fancy og perfekt heile tida for å vere bra nok.
Og berre for å understreke: Stjerneskuddet er ikkje ein av dei som rakkar ned på dei som putter berre skiver i matboksen. Men det er andre av dei i denne tråden, og dei dukkar alltid opp i matpakke-diskusjonar.
Men så er det dessverre mange av oss skive-tilhengarar som slenger negative kommentarar andre vegen også og puttar alle med fruktspyd i matboksen i samme boksen. Det er jo ikkje alle med alternative matboksar som er mat-snobbar sjølv om nokon av dei er det.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|