Sv: Barnehagefrokost utenom kjernetiden
I ein del av bydelane i Oslo er vel kjernetid gratis for 4-5-åringar, dvs det er definerte tidspunkt der alle har gratis barnehageplass. Dette fungerer vel sånn at ein betaler differansen mellom vanleg pris og det kjernetida er definert å koste viss ein skal ha vanleg fulldagsplass?
Då kan eg til ein viss grad forstå at foreldre reagerer på å måtte betale kostpengar for eit tilbod dei ikkje får lov å bruke. Samtidig burde det også vere forhaldsvis enkelt å differensiere mellom dei som kun har kjernetid og dei som betaler for meir.
|