Sv: Rimelig og ok sengetøy?
Eg liker at det blir sagt frå om at det ikkje er bare-bare å kjøpe og kaste, alltid. For meg blir innlegg som Tallulah sitt ein liten heads up som får meg til å tenke gjennom forbruket mitt. Og det treng eg. Og eg synest det er vikig å seie frå om at å kjøpe og kaste mykje bomull er lite miljøvennleg. Korfor skal ein alltid trekke fram at å fly er mykje verre? Alle monner drar, og sjølv om fly er verstingen, må det å an å snakke om bomullsproduksjon, kjeldesortering eller oppussing- og interiørtrender, utan at det alltid skal samanliknast med å fly.
Eg har akkurat kjøpt inn fire nye sengesett frå Hansen&Dysvik, fordi vi har gått over til 220 dyner. Vi har budd saman i seks år, og har for første gong like sengesett på dynen våre. Eg klarer ikkje synest at matchende sengesett er viktig nok til å forsvare at vi kasserer fullt brukbare ting. Dei gamle blir gjestedyner og hyttesengetøy.
|