Sv: Spinoff: "Utdanning skal lønne seg". Eller?
Sjølv synest eg det burde vere større forskjell på ulike fagområde. Som norsklærar med 90 elevar i norsk, må eg rette 360 stilar i halvåret, for å ha vurderingsgrunnlag i begge målformer. Då får kvar elev to vurderinger i kvar målform, noko både eg og del synest er i minste laget. Ein kroppsøvingslærar har alt vurderingsarbeidet i undervisningstida. Det burde vore større forskjell på undervisningstimar for dei to faggruppene. Men mi lønn er konkurransedyktig samanlikna med andre bransjar eg kan få jobb som litteraturvitar. Eg treng ikkje høgare lønn. Ein person med djubdekompetanse i matematematikk og informatikk derimot, kan få tre gonger så høg timelønn i det private, som i skulen. Gode realfagslærarar må vere idealistar for å ønske seg jobb i skulen. For dette fagområdet er ikkje lønna konkurransedyktig. Eg trur at dersom vi lærarar som samla gruppe, hadde akseptert at vi har ulik kompetanse og arbeidsoppgåver som i ulik grad tar tid, innafor dei ulike fagområde og at differensiering i lønn og arbeidstid er eit verkemiddel som kan brukast for å få dyktigefagfolk til å jobbe i skulen, ville mange av konfliktane vore løyste.
|