Sv: Tråden for oss som er utrolig gode i svada-prat
Min strategi når det kjem til munnlege eksamenar, kor eg ikkje kan nok om det eg blir spurt om, er å fake ekstrem nervøsitet. Eg synest også Toffskij sitt råd om å lese pensum er det beste, men når ein då kjem opp i artiklar som ein ikkje har forstått (mitt beste eksempel er vel litteraturteoretikaren Paul deMan, som eg lurer på om nokon i det heile tatt forstår, eller om det bare er skryt alt saman), får ein mykje hjelp av eksminator ved å verke nervøs nok.
Dei gongene eg har hatt bruk for å snakke/skrive svada, trur eg eg har profittert på at eg er veldig god på idehistoriske linjer. Då kan ein komme seg opp på middels, ved å tilsynelatande kunne sette i kontekst og trekke linjer. Ein gong hadde eg ein eksamen kor vi fekk religionsdidaktikk, kor eg kun hadde lese innhaldslista. Eg skjønte ikkje at eg stod, men tilbakemeldinga var "Du forholder deg selvstendig til lærebokstoffet (duh!) og trekker linjer". Og slikt trur eg ein kan tene på - men då er det svada med substans!
Opprinnelig lagt inn av rine, her.
Absolutt, jeg har mine største svadamoments (og det sier ikke lite) på ped.sem-eksamenen.
Jeg føler meg sjelden ekstremt kunnskapsrik på eksamen, (til det er jeg for laid back i leseperioden) men er veldig flink til å late som om jeg er det på papiret. Formulerer man seg greit, slipper man unna med en del tomprat, det er nå min erfaring.
Eg har gitt tilbakemeldinger som "velformulert vås" (formulert på ein litt meir diplomatisk måte) fleire gonger. Eg synest ikkje ein skal slippe unna, fordi ein er flink skriftleg i fag kor språk ikkje er ein del av vurderingskriteria.
|