Sv: La være å handle i butikk på grunn av navnet?
Opprinnelig lagt inn av Trulte, her.
Åh, nå kom jeg på en billigbutikk jeg elsker over ALT i verden av butikker.
Newyorker! 
Fine NewYorker, ja!
Opprinnelig lagt inn av Tallulah, her.
Jeg sliter litt med å forstå akkurat hva ved ordene "økonomi" og "sko" som tilsier at det ikke er kvalitet. det mest økonomiske må da være billige sko som varer lenge. Jeg syns virkelig det er synd at det å være økonomisk skal være ensbetydende med å ikke ha kvalitet.
Det er ingen umiddelbar samanheng mellom "økonomi" og kvalitet i det heile tatt. Når det gjeld klede, vesker, møbler og lamper, bøker, dvder... Det meste andre eg kjøper er eg ikkje spesielt kresen med tanke på kor eg handler. Dei to tinga eg er nøye med, er sko og litt dyrare elektronikk. Sko, fordi eg er veldig kresen på sålane, og fordi billigbutikkar ofte sparer på harde sålar. Og elektronikk fordi dette gjerne koster meir, og eg har dårleg erfaring med å spare på dette. Vi har for eksempel ein oppvaskemaskin frå IKEA, og eg gleder meg veldig til han år i stykker og vi kan kjøpe ny. Men bokhyllene, nattborda og kjøkkeninnredninga derifrå, gjer meg ingenting at er frå IKEA.
Eg jobba i ein billigkjede, som blant anna fekk inn eit parti Louis Vuitton-look alike-vesker, i studietida. Eg satt i kassa, slo inn varene til ei dame og såg ho hadde ei veske som likna veldig på dei stygge veskene med bokstavar og symbol på, som eg hadde pakka ut tidlegare på dagen. "Er den veska herifrå?" spurde eg, i beste tru. Dama blei så fornærma at ho gjekk frå alle varene sine. Først fleire år etter, då eg møtte folk som brydde seg om slike vesker, og fann ut kva ei ekte veske kunne koste, skjønte eg reaksjonen.
I og med at eg ikkje ser forskjell på billige kopiar og merker, fordi eg ikkje kjenner designen, er eg redd for å handle i boder på torg. Fleire gonger har eg kjøpt solbriller til rundt hundrelappen og blitt spurt om dei er ekte. Så det har eg slutta med - eg vil jo ikkje gå rundt i kopiar og sjå ut som eg prøver å vere noko eg ikkje er...
|