Sv: Fortell meg om pinterest
Ein kan pinne via Iphone i alle fall. Ein må installere eit bokmerke først for å få det til - prosedyren står på sidene.
Er veldig glad i pinterest. Eg brukar nettet til å orientere meg om kva eg ønsker å kjøpe, eller berre for inspirasjon. Pinnar alle gode oppskrifter eg kjem over. Det er uendelig meir anvendelig enn gammeldagse bokmerker i nettlesaren. Å pinne med bilde gjer at ein raskt kan scrolle gjennom sine nettfunn og finne tilbake til smarte ting ein fann for fleire månader sidan. Dessutan gløymer ein jo ut kva ein har funne for lenge sidan. Det visuelle med Pinterest gjer det lettare å ha oversikten over kva ein har funne interessant.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|