Sv: Trenger skaphjelp!
Kva med å byggje noko? Jentene her har skråtak på rommet, og vi skal byggja skyvedørsgarderobe under skråtaket. Kjøper rimelege skyvedørar på Ikea som vi kappar i høgda, og bygger skapet av huntonitt veggplater (dei har det alt på veggene). Då får vi dei akkurat som vi vil, pluss at vi får dekka til luka inn til kottet.

Alternativ kan de byggja skap med vanlege dører som dette:

(Ikkje dei beste bileta, men google var visst ikkje heilt samarbeidsvillig i dag.)
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|