Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon

Lego-reklame og kjønn

Generell diskusjon Forum for generell diskusjon av temaer som ikke passer inn under andre kategorier.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 09-01-12, 00:21   #11
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.756
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Lego-reklame og kjønn

Det er veldig interessant å sjå korleis denne diskusjonen tok vegen inn i ein legodebatt på deltajnivå. Då eg skreiv det første innlegget såg eg føre meg ein diskusjon om kjønn som identitetsmarkør og barneleiker som symptom på noko som gjeld elles i samfunnet også.

For eg synest det verkar som om samfunnet var mindre "kjønna" då eg veks opp, enn nå. Vi ser det veldig godt på både barneleiker, klesmote for tenåringar og ei endring i kvinneidealet som blir presentert i offentleg debatt. Då eg var ungsomsskulelev, gjekk vi alle i 501-bukser og h2o- eller adidas-genser og dr. Martens skor, både gutar og jenter. Draumen var i alle fall ikkje å bli heimeverande husmor, og då eg var lita arva eg klede av gutar som var eldre enn meg. Nå ser eg folk sel rosa barnevogner via facebook, fordi nummer to er ein gut... (Det er gjerne dei same som har cupcake-bloggar). Og den prinsesserosa niesa mi såg bilete av meg med kort hår og sa "Var du gutt då? Jenter kan jo ikkje ha kort hår". Eg prøvde meg med at bestemor er jente og har kort hår, men det gjaldt visst ikkje, for ho var bestemor.

Eg innbiller meg på mange måter at vi kunne velje oss inn eller ut av kjønnsterotypiar, medan ungar i dag blir plasserte der.

Er det ein motreaksjon på feminismen og likskapsideala frå 80-talet, eller er der bare ei utvikling som er styrt av store marknadskrefter, som vi ikkje rår over?

nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Trådverktøy
Visningsmåter

Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 02:32.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no