Sv: Juleplanleggere foren dere
Eg har kontroll på to ting. 1. Det blir ingen gavekalender, men eg skal kjøpe inn små pynteting som skal henge på eit "tre" i staden. Frå i år av vil det alltid vera den same pynten i kalenderen, så det blir ny tradisjon. 2. Bakedag på arbeidsstova. Det har vi kvart år og baker papperkaker og kakemenn. Eg er leiar, så eg stiller med ein stk. deig, og ein haug med kakeformer. (Minner meg på at eg må på ebay og sjå etter nokre nye.)
Og så trenger eg gavetips hos dere. Svigermor er 85 år, leser ikkje, høyrer ikkje på musikk, strikker kun sokker og tepper og har for tida noko dårleg helse. Ho kjøper det ho trenger sjølv, om synest i grunn ho ikkje trenger noko. Kva i all verden gjev ein til ho? Eg bør kanskje legga til at ho har 8 barn, 19 barnebarn og 7 oldebarn som lurer på akkurat det same. 
I fjor gav me ho god, nykverna kaffi, heimelaga diabetesvenleg troika og ein god handkrem. Aner ikkje kva ho syntes, for ho har ikkje nemt det med eit ord.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|