Sv: Potetsalat kvelden før?
Her er min 
10 kokte poter (kalde)
3 dl. lettrømme
150 gr. majones (ein sånn mjuk pakke)
50 gr. sylteagurk
1/2 dl lake frå sylteagurk
1 ss kapers (kan sløyfast, men er godt her)
1 purre
salt, pepper
Bland saman rømme, majones og agurklake i ein STOR bolle. Finhakk sylteagurk og kapers og bland i. Smak til med salt og pepper. Skjer purren i ringar og potetene i terningar. Bland dette inn forsiktig, slik at du ikkje knuser potetene for mykje. Pynt med persille, grasløk eller kapers.
|