Sv: Allergivennlige ferdigposekaker
Katta: Toro sine glutenfrie mjølblandingar fungerer bra. Eg brukar den fine blandinga som erstatning for kveitemjøl til å f.eks lage kvit saus. Det smakar godt, men nei, det smakar ikkje HEILT som saus på kveitemjøl. Smaken av kveitemjøl manglar Det smakar likevel godt, og ikkje rart på nokon som helst måte. Eg gidd ikkje lage eigen saus med gluten i til oss andre i familien. Det er ikkje verdt to panner berre for å få kveitemjølsmaken.
Du kan egentlig bruke dine vanlige oppskrifter, men glutenfritt mjøl oppfører seg på ein annan måte. I gjerdeig vil den glutenfrie deigen ikkje vere elastisk. Det er litt rart. Den er superlett å kjevle ut da - oppfører seg litt som mørdeig på ein måte. Veldig enkel å lage pizza med (bruk berre vanlig pizzaoppskrift).
Generelt: oppskrifter der mjølmengden er liten, f.eks i konfektkaker (våte sjokoladekaker), er like gode med glutenfritt mjøl som med vanlig mjøl. Eg kan ikkje merke forskjell i alle fall. Du vil merke meir forskjell i bakverk der kveitemjøl er ein stor ingrediens, f.eks boller.
I middagsretter der du skal bruke kveitemjøl til jevning, kan du trygt erstatte med glutenfritt mjøl (eller maizenna), utan at du merkar dette på smaken. Og ja, her vil glutenfritt mjøl jevne like bra som vanlig mjøl.
|