Sv: Matens påvirkning på vekst i barneårene
For å svare på Tjorvens hovudinnlegg;
eg har alltid gått ut i frå at høgda er genetisk bestemt. Vekta er til ein viss grad genetisk bestemt, men at matvanar her kan regulere opp eller ned.
Me har ei jente som er radmager. Ho er 127 cm høg og knapt 20 kg. Deg gir ein BMI på 12,1. Ho er frisk og fin, og utredning hjå barneavdeling viser ingenting galt. Det rare er at ho eter godt. Ho er kresen på middagsmat, men eter godt med brødmat med sunt pålegg.
I vår åt ho ni skiver med sunt pålegg per dag. I tillegg kom middag og diverse anna. Da hadde ho heilt klart ein vekstspurt, for plutselig var buksene veldig korte. Eg trur at den auka matlysten da var eit resultat av vekstspurten heller enn at vekstspurten var eit resultat av auka matinntak.
No har ho dessverre halvert matinntaket sitt, men eg har tru på sjølvregulering, at ingen friske barn svelt ihel. Iom. at det er gjort grundig utredning, så klarer eg å stole på det.
__________________
Bergensis
|