Sv: Sjekker du postlista?
Opprinnelig lagt inn av -ea-, her.
Er litt usikker - havner epost også på disse listene?
Du har jo allereie fått ein del svar på dette, men eg kan i alle fall sei at epostar som eg får inn på jobb blir arkivert slik at dei hamnar på postlista som min jobb genererer. Ein del epostar havnar ikkje på listene fordi sakshandsamar gløymer å arkivere dei. Skrevne brev blir ført i det dei kjem til postmottak, men epostar går jo litt uvanlege veier - direkte til sakshandsamar.
Det er forresten kinkig med epostar - eg kan f.eks få epostar som : "Det gjelder sak den og den, men før jeg går videre må jeg bare få gratulere; hører du skal ut i svangerskapspermisjon snart!". Eg nøler litt før eg trykker "til arkiv" da ja
Eg sjekkar postlister av og til - ikkje til min eigen arbeidsplass, for der har eg jo tilgang, men til kommunen eg bur i. Eg sjekka seinast i kveld, for eg var nysgjerrig om ein kommunedelplan for tettstaden eg bur i var kommen på høyring. Eg er spent på korleis dei har tenkt å utvide butikken, og om der er gjort gode grep i forhold til eit fint naturområde like ved.
|