Sv: Veien vår
Ohoi, så festlig!
Me sliter litt med is her og, men ikkje i den grad. Den verste plassen er faktisk i barnehagen, og der har dei spandert på seg heile 10 cm brei stripe med sand frå porten og ned til avdelingen. Greit å møte slikt på mandags morgen, men når dei ikkje har klart å gjera noko med det pr idag, kjenner eg at det ulmer litt i meg. Ekstremt glad eg ikkje er gravid og skal hente i barnehagen, for å lista seg ned der med stor mage hadde ikkje eg turt i alle fall.
Salt har dei tydeligvis ikkje høyrt om. 
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|