Sv: "Spesial"-mat eller "vanlig" mat?
Joda, Skilpadda, er vel berre meg som prøver å strekke meg mot tittelen du har Eg forstår jo godt kva du meiner.
Dette er faktisk vanskelig å forklare, i alle fall for meg. Når eg ser at folk forsyner seg av det som er glutenfritt, tydeligvis utan å vere klar over at det er "spesialmat", blir eg litt happy. På samme vis som eg blir glad når små venner av snuppa et glutenfri pizza og seier at den er "kjempegod". Eg ser at jentungen blir glad. Ho likar maten sin, og eg er opptatt av at ho ikkje skal tru at maten ho et er 2. rangs. Eg vil ikkje at ho skal føle at ho er frarøva nok som alle andre har. Det at andre, som faktisk ikkje MÅ ete glutenfritt, ønsker å dele matopplevelsen med henne, understrekar at ho ikkje har mindre nytelse av mat enn det andre har, sjølv om ho har allergiar. For å seie det veldig krøkkete.
Vår mat er betre nå etter at vi fekk cøliaki i hus. Ja, vi brukar meir pengar og tid på mat, men vi har betre kosthold og høgare matopplevelsar, men likevel høyrer eg at mange syns så synd på stakkars jenta som sikkert ikkje kan ete noko som helst (jfr denne dama som ikkje greier å lage noko anna enn risengrynsgraut til henne). Eg veit at det skuldast at folk ikkje veit kva det går i - og det kan eg jo forstå. Som sagt før; eg var sånn sjøl.
|