Sv: Hjelp meg å velge mobiltelefon
Dersom du ikkje vil ha ein telefon som henger seg opp heile tida (og kven vil vel det, sånn eigentleg?), lukar du vekk alle telefonar med Windows Mobil som operativsystem.
Kor stor telefon tykkjer du er greitt å ha med deg? SE X10 mini er liten og nett, HTC HD 2 er veldig stor, t.d.
Går det greitt å bruke tastatur på skjermen ved tekstmeldingar og event. e-post, eller likar du best vanlege knappar?
Eg fekk ny telefon i går. Mine hovudynskjer var Android som OS, ikkje kjempestor men stor nok til at eg kan bruke den til e-post, redigere dokument o.l., ok kamera og knappetastatur (sidan eg er frykteleg dårleg til å skrive på skjermtastatur). Eg enda opp med ein HTC Desire Z og er foreløpig svært fornøgd. Den er litt stor og tung i forhold til kva som er ideelt, men det får berre gå. Hadde eg ikkje hatt behov for litt skjermstorleik pga e-post, dokumenthandtering o.l., hadde eg ganske sikkert enda opp med SE X10 mini pro. Men eg hadde nokre dagar og kveldar med massiv googling etter alternativ. Det er så vanskeleg å velge!
|