Sv: Påpakk
Opprinnelig lagt inn av Skilpadda, her.
Men hvis man ikke har noen offisiell skrivemåte på et ord, kan man da si at ordet er offisielt godkjent?
Det kjem nok litt an på kva for ord det er. T.d. finst det ikkje nokon godkjend skrivemåte av verbet spise på nynorsk, fordi dette ordet tradisjonelt ikkje blir sett på som ein del av det nynorske ordtilfanget – ein skal skrive ete i staden. Men ein finn sjølvsagt spise brukt i nynorske tekster likevel. Når det ikkje finst nokon godkjend skrivemåte av påpakk, er det snarare fordi ordet ikkje er fanga opp i ordbøkene (det er kanskje for nytt). Om ordet er stabilt i bruk over fleire år, vil det vonleg bli fanga opp etter kvart. Men det vil ikkje seie at vi må vente med å bruke det til leksikografane omsider får somla seg til å oppdatere ordbøkene.
Opprinnelig lagt inn av Skilpadda, her.
at man helst bør vite ganske sikkert hva man gjør hvis man velger et ord som ikke finnes i ordboken
Det bør ein, og det kjem sjølvsagt mykje an på situasjonen og konteksten og sånn, men ordboka er ofte inga trygg rettesnor når det gjeld kva ein skal bruke eller ikkje.
|