Sv: Spagettisauslignende
Ein klassikar i min nærleik:
Pastasaus med Tunfisk og Karri: - Steik ein stor lauk og ein purre i olje/smør - lauk/purre skal sjølvsagt vera finhakka og det gjer seg å la lauken steika litt før ein slenger oppi purren
- Lemp i karripulver - mengd? Hmm - ei spiseskei er vel eit greitt utgangspunkt, men det varierer etter type karri og kva terskel ein har for smerte i gastronomisk samanheng
- I mellomtida har ein kokt opp ein kvart liter vatn som ein skvalpar oppi gryta saman med ein terning kyllingbuljong etter at ein har lete karrien verta godt rørt rundt og varma saman med lauk/purre
- Dette kan då få småputra eit bel medan ein opnar to burkar med tunfisk i olje - olja skal du berre kvitta deg med, altså - kan vera tunfisk i vatn gjer nytta og, aldri prøvd, men eg synst generelt det er betre smak på tunfisk i olje - les på boksen og ta omsyn til eventuell åtvaring om at tunfisken biter - kan løna seg med varsam handsaming av slike aggressive matvarer
- Tunfisken skal oppi nokså nært slutten av prossessen - skal varmast opp, men ikkje koka noko særleg - rør rundt og del opp eventuelt tunfiskklumpar som er i overkant store - det skal vera attkjenneleg tunfisk i retten, ikkje berre tunfiskmolekyl, så ikkje overdriv dette
- Kvitlauk kan ein, om ein føler for det, pressa oppi i samband med eitelleranna punkt i oppskrifta - sånn midt i er vel greitt - 2-3 fedd, kanskje - meir om du er blodfan av kvitlauk, mindre om du ikkje er sånn olvettes entusiastisk
- Pepar - helst nymalen frå kvern gjer seg heilt til slutt - smak om det trengst ørlite salt - som regel ikkje grunna buljongen frå tredje punktet
- Veldig snadder med parmesan til dette her - passar til alle typar pasta - restar kan fint gøymast vekk i kjøleskåp og brukast i løpet av eit par dagar eller kastas etter eit par veker om vekkgøyminga var for effektiv
God appetitt og hugs mykje vatn attåt
__________________
Rart er fint
|