Sv: Å spille et instrument uten å kunne noter
Det er ein framifrå idé å lera seg noter, sjølv om ein strengt tala greier seg utan for det meste, slik det høyrest ut for din del. Brått kjem ein i ein situasjon kor nokon stablar eit noteark foran deg og spør om du kan spele dette? Og det kan vera greitt for eigen del og - kan låne noter/sangbøker på biblioteket og lera seg spela songar ein kanskje ikkje kunne frå før.
Notetrening er ei kvantitetsgreie - di oftare ein gjer det di fortare vert ein flink til det, men det finst ulike gradar av kor lett ein greier det, og der har forskning synt, har eg lete meg overtyda om, at folk med godt grep om matematikk og kjem lettare til det med notelesing - har visst noko å gjera med at relasjonen mellom notebiletet og musikken er reint matematisk. Det er ikkje dermed sagt at ein ikkje greier det om ein ikkje har "mattehovud" - ein må berre jobba litt meir.
Det er mange flinke musikarar som ikkje kan eit pip noter og andre att som ikkje greier spela noko som helst utan eit noteark foran seg. Å kunna båe deler er ein fin ting.
__________________
Rart er fint
|