Sv: Wii fit / Wii fit plus
Eg kan melde at dette var artig! Det var ok med denne "testen" som ein får først: brettet er jo også ei vekt, og ein gjer diverse balansetestar for å finne litt meir ut kva form ein er i. Min Wii-alder er 44 Og er er 39 nå... Så kunne ein legge inn treningsmål og så held systemet orden på treningsøkter, kor mykje ein forbrenn, og kor nær målet ein etter kvart kjem.
Eg prøvde diverse øvingar (var glad eg var aleine heime, følte meg litt rar), og blei så svett at eg måtte dusje. Jogging, step, boksing, rullebrett, flyging (ha! det var gøy), rokke-ring, litt yoga, litt styrketrening, og diverse. Artig. Tok meg ein halv time.
Imponert over kor følsomt brettet er.
|