Sv: Spørsmål om bilsete med base
Opprinnelig lagt inn av Fluke, her.
Jeg hadde gått for beste setet uansett og heller droppet å feste det på vogna om det ikke var kompatibelt. Det er jo mange som går med sete i handlevogn f.eks. og det funker jo det også. (Jeg ser liksom for meg at å feste setet på vognen kun blir aktuelt på kjøpesentre og sånt, for på tur eller i byen vil jeg bruke bag (eller bære) uansett.)
Eg synes base var genialt, er ikkje heilt sikker på kordan eg skulle fått buksert ungen ned i setet eller bala med å feste setet kvar gong eg skulle ut elles. Vel, det hadde jo gått, men ikkje like glatt dei fyrste ti gongene, antar eg. Og når basen først er festa er det nøyaktig ein måte å feste setet på (såframt du ikkje er fargeblind - det er raud/grønn indikator som fortel om det er rett), du slipp lure på om du i ammeskoddeheimen har gjort ein feil med belteføringa og sånt.
Eg har Quinny zapp-understell, og det er praktisk når både Mannen og eg er med på shopping. Elles er det like greitt å putte heile setet i ei handlevogn eller ta ei vogn med barnesete (ungen er 12 veker no og elsker å sitte så nært mamma/pappa på handletur - handlevognsetet er veldig høgt oppe). Å bale med vognunderstellet mens man shopper er ikkje særleg moro. Men det er veldig ok til småturar i byen og slikt, og sikkert fint viss man skal hente eldre unger i barnehage.
|