Sv: Kasta ut av Norge
Det er godt mulig at det er snakk om eit proforma-ekteskap for at ho skulle få muligheit til å komme til Norge, men eg syns ikkje det skal bli brukt mot ho i dette tilfellet. Eg veit ingenting om Al Shabab, men går ut frå at dei er representert i dei fleste Europeiske storbyar, så sånn sett syns eg ikkje at det er rart at ho vil til Norge. Og det var i Bergen ho var i Norge, ikkje Oslo.
Det stod meir om denne saka i Bergens Tidende på lørdag. Virkar som om advokaten kanskje har fått litt ufortjent mykje pepper. Asyladvokatar får kun betalt for to timar i slike saker. Er ikkje alltid like lett å få formidla alle relevante opplysningar i løpet av to timar. Spesielt ikkje når det er språkproblemer i tillegg. Denne dama kunne ikkje engelsk, berre bittelitt norsk. Er ikkje sikkert at ho klarte å formidle dei medisinske problema ho hadde i løpet av dei to timane dei hadde til rådigheit. Det burde sjølvsagt vere ein tolk tilstades, men det er det tydeligvis ikkje.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|