Sv: Pedo-kunst
Glitter skriv det eg tenker. I totalitære regime er kunstnarar av dei største trugsmåla mot det eksisterande. Kunstnarar flyttar grenser, og skal dytte fram tankar som gjer at vi reflekterer over kva vi meiner og kvifor. Dei driv fram sjølve prosessen som demokratiet bygger på, og eg meiner at det er veldig, veldig viktig.
Kva eg meiner om desse bileta og denne kunstnaren er i prinsippet uinteressant. Det som skremmer meg er at mange tydelegvis meiner kunst skal vere behageleg dekor som ikkje gjer vondt eller provoserer.
|