Sv: 100.000 kr til den som beviser at homeopati virker
Storesøster var med på eit forsøk om homeopati. Me oppsøkte legevakta i Trondheim pga. ein medtatt baby med nedsunken fontanelle. Lege konkluderte med ØLI av eitt eller anna slag. Litt seinare kom det brev om at me var registrert på den kommunale legevakta med symptom på ØLI og me var villige til å delta i eit forsøk med homeopatisk medisin.
Målet var å bekrefte/avkrefte at barn som fekk sukkerkulene var mindre sjuke av ØLI enn barn som ikkje fekk.
Eg anar ikkje kva som vart utfallet, men iom. at dei fekk forsøkskaninene sine utlevert frå kommunal legevakt bør det vel vere eit anerkjent prosjekt?
Eg har sett eitt tilfelle der homeopati har fungert. Ei studieveninne av meg hadde fantastisk god effekt av det i forhold til ein pollenallergi som år etter år var meir eller mindre sengeliggande i pollensesongen.
Puls på NRK hadde eit innslag om sovemedisin og placeboeffekt. Puls tromma saman ei gruppe på 6 (?) personar som alle brukte sovemedisin fast. Eg meinar å hugse det var Immovane. Halvparten fekk placebo. Halvparten fekk Immovane. Den eine dama som hadde fått placebo hadde aldri sove så godt i heile sitt liv. Ho vart konfrontert om at det var placebo og at det inneholdt ingen aktive virkestoff, men dama var storfornøyd og skulle uansett halde fram med medisinen ho hadde blitt utdelt.
__________________
Bergensis
|