Reparere parkett?
Det er berre å konstatere; parkett er verkeleg ikkje tingen for oss. To år etter at vi la ny parkett i stova, er den full av riper. Dei djupaste hakka let seg vel berre fikse ved å slipe ned parkettet (og det blir ikkje aktuelt før ungane er ferdige med å køyre rundt med diverse på parketten), men er det mogeleg å flikke litt på alle dei tynne, små, kvite stripene som på uforklarleg vis går på kryss og tvers på enkelte områder? Finst det eit slags middel som kan dempe stripene så dei ikkje syner så godt? Dette er ein lakka kirsebærparkett, med litt matt overflate.
|