Piggsvin "på feil plass" i hagen
Vi har hatt piggsvin i hagen i fleire år og syns det er 100% stas. Det har budd under plattingen og alt vel.
I haust så såg eg eit piggsvin som gjorde seg vinterklar og bygde bol under ein markduk. No er denne duken tenkt fjerna, men eg vil no ikkje øydelegge for piggsvinet. Det er ikkje eit problem for meg å la delar av duken ligge og heller dekke til med bark eller noko, men eg veit jo ikkje 100% kor langt inn bolet er.
Oppsummert er vel spørsmålet mitt kor "skjøre" desse dyra er. Toler dei å bli uroa eller pakkar den snippeska si og finn ein annan stad å bu då?
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|