Sv: Filosofi (transperson som eksempel)
I boka Eg snakkar om det heile tida har Camara Lundestad Joof eit avsnitt som i alle fall fekk meg til å tenke nytt kring akkurat dette med respekt og uvitenhet.
Ho skriv:
Sitat:
Ho seier det, på veg inn i ei anna setning, ho seier at ho har elevar som er negrar, sånn som eg, og skal ho fortelje ei søt historie om ein av desse elevane? Denne kvinna har elevar.
Eg seier ifrå.
Dei begynner å drøvtygge alt eg har høyrt før. Alt vi alle har høyrt før. Er alt med eitt blitt gale no?
Pedagogen er på.
Eg legg fram dokumentasjonen. Historikken. Eg repeterer. Dette er slaveri og segregering, dette er raseteori og dehumanisering, dette er postkolonialisme, lingvistikk og ignoranse, dette er rasisme. Eg repeterer med ei røyst som ikkje skingrar. Innerøysta. Ei røyst utan støy.
Og ho seier: Å. Dei seier alle: Å. Dette hadde ho ikkje tenkt på. Og at det skal ho tenke meir på. Og neste gong skal ho til og med kanskje tenkje seg om.
Eg smiler.
Så kjem tårene. Ho skammar seg.
Eg klemmer henne, stryk henne på handa.
Så seier ho takk. Og det er dette som gjer at kroppen min stoppar.
Ho seier takk for at eg er så roleg og pedagogisk og gjekk gjennom dette saman med henne, for vanlegvis, når vi snakkar om dette, så bli de jo så sinte og det var veldig fint at du ikkje var det. Og at kanskje fleire ville forstått det dersom andre òg gjorde som du og snakka roleg gjennom det, utan å vere så aggressiv. Det skal jo somme gonger bare éin samtale til for å endre hjartet til nokon, seier ho. Tusen takk.
(…)
Eg seier at dette kanskje er éin samtale for henne, men at det er godt over den hundrende gongen eg har denne samtalen. Eg seier at eg svelgjer sinnet med spyttet mitt, slik at eg kan ha denne samtalen, igjen, med innerøyst.
Dette fekk i alle fall meg til å tenke på det Input og Skilpadda er inne på, om kven det er som har ansvar for å opplyse ein person. Eg har ansvar for å opplyse meg. Og denne boka har opplyst meg om at eg kanskje ikkje skal stille så mange spørsmål eller forvente så mange forklaringar eller så mykje opplysing frå folk som høyrer til ein minoritet eg ikkje sjølv tilhøyrer. Folk er dei dei er, og det heile tida skulle snakke om ting som gjer ein "annleis" er òg vanskeleg for mange, dei vil berre vere seg sjølv.
Eg vil ikkje gå så langt som å seie at det er respektlaust å ikkje vite. Men det kan vere repsektlaust å spørje. Og mange slike tema, som hudfarge, kjønnsidentitet og liknande kan vere ganske vanskeleg å seie noko om, fordi den det gjeld er berre seg sjølv.
Det er ingen som spør meg korleis eg opplever det å vere 178 cm. og viss eg ikkje snakker om å rekke opp til det øvste skapet eller om å finne bukser som sitt godt på, så tenker ikkje eg over kor lang eg er. Eg berre er meg i den kroppen eg har, på ein måte. Om det å vere lang var noko kortare folk tenkte at var rart og heile tida spurde meg om, ville eg nok ha reflektert meir over det. Men eg kunne likevel ikkje forklart nokon på ein god måte korleis det er å ha ei 178 centimeter lang kropp og ikkje ein 165 centimeter lang kropp, for eg har hatt denne lengda i alle år (eller sidan eg var 12-13, då).
Kanskje ei banal samanlikning, men det er litt med vilje, for den som har gjennomgått kjønnsstadfestande behandling veit ingenting om korleis det er å ikkje vere transperson. Og den som har mørk hud veit ingenting om korleis det er å ikkje ha det. Så korfor skal dei då ha ansvar for å lære "oss andre" opp?
Eg tenker at dette er så personleg at det er greit å la det vere heilt opp til den det gjeld å velje om hen vil snakke om det eller ikkje. Ikkje gjer det til eit ikkje-tema, men eg ville ikkje gjort det til eit tema heller.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|