Sv: Jente 13; bøker om krigen?
Det kjem alltid masse Bobseybarna-bøker til loppemarked, ja. Og dei er ofte igjen til slutt. Du må ikkje ha dei i hylla, men kan kjøpe 2-3 stykker og legge i ein pose i boden om du vil.
«Nå har bibliotekene bestemt at det ikke er god litteratur» … Eg snakka litt med skulebibliotekaren om det, då vi sorterte ut rest-bøker etter loppemarked for nokre år sidan. Det er same problemstillinga som du skisserer der: Hylleplass og bøker som ikkje blir lånt. Eg var sånn: « Er det ingen som les Bobseybarna lenger!?» Men etter å ha bladd i eit eksemplar, ser eg jo at den er ganske utdatert. Barn i dag veks opp i ein annan teknologisk kvardag, og relaterer rett og slett ikkje nok til Bobseybarna-kvardagen til at dei les dei. Cappelen-Damm forsøkte å friske opp og modernisere språket på ei bok i 2014, men det slo ikkje an og det blei med den eine boka. Frøken Dektektiv har slått an, i modernisert språk.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|