Avfallssortering - klede med mikroplast
Eg har blitt veldig mykje meir bevisst fiberinnholdet i tøy den siste tida, og har slutta heilt å kjøpe tekstil med akryl, polyester og liknande, med unntak av yttertøy. Men når eg rydder i skap og boder finn eg ein del som ikkje er i bruk lenger.
Eg meiner å ha lese at ein av miljøorganisasjonane har anbefalt å ikkje kaste fleece og blandingsprodukt i tekstil- gjenbrukskontainere, fordi veldig mykje blir sendt til land med dårlegare avfallshåndtering enn det vi har her til lands. Men eg klarer ikkje google meg fram til den artikkelen igjen. Stemmer dette?
Dersom eg skal levere slike tekstil til resirkulering, korleis skal ting då sorterast? Eg har for eksempel nokre gamle 49-kroners fleecepledd frå IKEA, som har ligge i ein kjellarbod sidan vi flytta for ti år sidan. Skal 100 akryl i plastsøppel, viss det ikkje skal i tekstilsøppel? Kva med polyester?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|