Sv: Valg 2017 - hva stemmer du?
Opprinnelig lagt inn av Charlie;4612511(....)
Lurer også på hva V-velgere tenker om å støtte en regjering med Frp. Lurer helt på ordentlig. Noen som vet? 
Eg har stemt V! Eg stemmer Venstre, og vil ha FrP ut av regjering. Spent på forhandlingane etter valet; motstanden mot FrP er nok stor internt i Høgre også. Sannsynligvis blir KrF og V for små - sjølv med eventuell støtte frå MDG. I så fall får eg uansett ikkje ei regjering eg vil ha.
Eg mislikar sterkt polariseringa i debatten. "dersom du ikkje er med oss, så er du imot oss". "Svar ja eller nei". Alt er svart/kvitt. Det finst nesten ikkje plass, og politisk sentrum blir oksygenfattig. Men eg vil ikkje oppgi mine kjerneverdiar, og eg tilhøyrer sentrum.
Venstre er eit parti som utan sjenanse stadig er i drøfting med seg sjølv. Dei har likevel klart å bidra til å demme opp for store delar av FrP sin politikk i heile denne perioden (med unntak når AP gir FrP ryggdekning ). Regjeringa sin politikk har blitt grønare og meir gründervenleg. Asylbarna fekk bli. Lofoten ligg der - enda. Listhaug kompenserer med hatefull retorikk (men ingen politikk) og melder seg ut av regjeringa som Venstre ønskjer. Eg meiner at det må vere eit mål å mobilisere rundt sosiale og liberale verdiar, ikkje flykte frå dei. Jo større Venstre, jo mindre gunnlag for både FRP-politikk og fossilkonservativ miks av AP/SP. Mi stemme til Venstre er 100% ei stemme til Venstre - å påstå noko anna er bortimot ein fornærmelse av demokratiet og det parlamentariske systemet.
Og så stemmer eg for at integreringsministeren skal heite Abid Om ikkje i år, så kanskje når ei blåblå regjering må gå? Klikk og dans:
https://www.facebook.com/abid.raja/v...njMXK7zm47xWfg
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 05-09-17 kl 22:15.
|