Sv: Serieanbefaling: Skam
Ein av dei tinga som gjer serien skikkelig god, er det at folk heile tida er meir nyanserte enn dei først framstod som. I starten syntest eg det var Eva og dei stereotype vennene, med Noora som den sterke og engasjerte, Vilde som ho vesle blonde, litt naive, Sana som muslimen og Chris som bare fjaser og spiser. Av gutta og, synest eg Vilde si beskriving av William som fuckboy er god. Det same gjeld dramaet rundt Jonas og Isak og Eva. Men jo lenger ut i serien vi kjem, jo meir komplekse blir folka. Noora er ikkje bare tøff og sterk, men sårbar og tidvis ganske naiv. Og i dei siste klippa har både Sana og Vilde bevega seg langt ut frå stereotypen. Og William ... Han er jo noko langt meir komplekst enn Penetrator-William frå sesong 1. Og samtidig som folka blir meir nyanserte er det ingen brå forandringer og plutselige personlighetsendringar, slik vi ofte finn i Hollywood-produksjonar. Dei har dei typiske eigenskapane sjølv om dei er meir enn det dei tilsynelatande var i første omgang.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|