Sv: Reise bort?
Jøss.....Eg innser at Halloween faktisk har blitt nesten like viktig som jul enkelte plassar. Hos oss er det heldigvis ikkje svære greier. Dei kler seg ut og samlar snop og så ser dei ein film medan dei gomlar i seg snopet. Ikkje noko fest, men gjerne 5-6 jenter saman. Trur ikkje mine hadde brydd seg noko særlig om vi hadde reist vekk sålenge eg hadde kjøpt inn litt Halloween-snop 
Så for meg er det heilt innafor å reise vekk på Halloween. Har ikkje eingang tenkt tanken på at det ikkje skulle vere greit.
Eg må innrømme at eg ikkje heilt likar denne utviklinga når det gjeld Halloween og strittar i mot så godt eg kan. Men eg har innsett at eg ikkje kan holde ungane utanfor når alle andre får lov til å samle snop, så det får dei lov til. Men det er ingen Halloween-pynt eller gresskar i vårt hus! Kvifor må vi absolutt importere andre land sine tradisjonar og bruke masse pengar på det?
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|