Lesebrett til femteklassing
Eg har begynt å tenke på kva eldstejenta skal få til jul og begynner å lure på om lesebrett kan vere tingen. Ho er ein skikkelig lesehest og kan lese samme bok om og om igjen. Det går mest i Harry Potter og Percy Jackson, men også litt krim ala Jørn Lier Horst sin Clue-serie.
Er lesebrett ok til ein femteklassing som ikkje les bøker på engelsk? Finns det nok ungdomsbøker i ebok-format på norsk i den sjangeren ho likar ? Eg har sett at Rick Riordan sine bøker finns som ebok, men ikkje Harry Potter....Det er nok endå minst to år igjen før ho kan lese Harry Potter på engelsk.
Og kva for eit lesebrett skal eg i såfall kjøpe? Kindle? Eg tenkte litt på ein iPad-mini for å få noko ho kan bruke til meir enn bøker, men den ligg ganske langt over ein Kindle i pris, så eg trur ikkje det er aktuelt.
Og kor kjøper eg lesebrett? Har liten erfaring sjølv sidan eg les ebøker på iPad.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|