Sv: Når folk tror de vet alt om deg og din sykmelding
Då forstår eg kva du meinte. Alle mine tankar er jo bare synsing og føling, basert på laust snakk, men det vil jo vere interessant å sjå om det blir gjort nokre studier på endringane som er gjort og om antal nye uføre vil endre seg. Ryktene som går i varmtvannsbassenget og hos fysioterapeuten, går i alle fall på at det er strengare kontroll. Og det blei sagt noko over i tråden om over 1000 tilfelle av juks som var avslørt i fjor.
Cumulus, takk. Eg ønsker ikkje å gå vidare inn på meg og mitt tilfelle her, eg kjem til å kontakte veilederen min, før eg søker om eit år til. Men mi arbeidsevne (som dessverre er under 50%) er ikkje relevant for denne diskusjonen. Poenget mitt - som det du seier understreker - er at når eg kan motta full lønn frå NAV og SPK i til nå 10 månadar, utan at det blir stild spørsmål ved verken min innsats eller legen si vurdering, er det for lett å motta trygd. Eg generaliserer og antar at eg ikkje er aleine om dette. Men eg sakner litt kontroll, eg sakner at dei som gir meg av fellesskapet sine pengar, sjekker at eg faktisk fortener det. Og sjølv om eg veit at eg ikkje ville fungert i den gamle jobben min, sakner eg at det blir etterprøve. Eg brukte meg sjølv som eksempel. Og når du svarer at eg må ta kontakt med NAV for å få veiledning på ordningar som finst og som eg har rett på, understreker det bare poenget mitt. NAV-systemet og regelverket er eit system basert på tillit til brukarar og legar. Det er eit system basert på at folk er sjuke og helst vil jobbe. Og fleirtalet er sjuke folk som helst vil jobbe, som sjølv melder frå om kva dei kan, når dei blir friske nok og så vidare. Men det er ingen som sjekker dette. Og derfor er det lett for eit fåtal friske folk som ikkje vil jobbe, å slippe unna. For så lenge verken legeerklæringa eller den individuelle oppfølgingsavtalen blir kontrollert, med mindre trygdemottakarane sjølvbtsr kontakt og ber om det, er det heller ikkje tilstrekkeleg godt system for å fange opp dei som ikkje viser seg tilliten verdig.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|