Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon

Når ting fungerer fint i verdas rikaste land

Generell diskusjon Forum for generell diskusjon av temaer som ikke passer inn under andre kategorier.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 25-08-13, 14:30   #1
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.755
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Når ting fungerer fint i verdas rikaste land

Korfor er det slik at vi ikkje snakker høgare om det som fungerer fint, anten det er i skulesystemet, helsevesenet, NAV eller andre offentlege instansar. I desse valkamptider er det eit enormt fokus på alle former for systemsvikt og svakheiter, avisene er fulle av offentlege instansar som ikkje fungerer som dei skal.

Sjølv blei eg sittande å tenke i går, då åtte av mine venner delte kronikken "En NAV-beskuelse" ( for eit ordspel!). Kommentarane på facebook var av typen "Håper aldri jeg blir alvorlig syk og må forholde meg til dette!". Etter å ha lese kronikken, blei eg sittande å tenke ut ein slåande kommentar om 3 vekers behandlingstid og saksbehandlar som ringer tilbake 45 minutter etter at eg har lagt igjen beskjed. Men eg fann ingen treffande måte å formulere meg på, så eg slo det frå meg.

Der eg jobba tidlegare hadde vi eit år 11 karakterklager, kor den eine gjekk til lokalavisa og skreiv om det han meinte var forskjellsbehandling. Det var sett standpunktkarakterar til 900 elevar i ulike fag, og det var 11 klager. Det blei ein stor sak rundt dette med ulik behandling på ulike skular, i lys av ein av desse 11 klagarane.

Sjølv kan eg godt vere frustrert over at ting tar tid i helsevesenet. Samtidig er det mykje som ikkje har tatt tid og mange tilfelle kor eg har blitt høyrd, tatt på alvor og fått god oppfølging. Korfor høyrer vi ikkje meir om dette?

Eg veit ikkje heilt kor eg vil med dette, men eg kjende litt behov for å skrive litt frå meg. Av og til blir eg litt oppgitt over all svartmalinga (og eg deltek jo gjerne i hylekoret sjølv, når eg er frustrert over ting som ikkje fungerer). Det er jo så mykje som fungerer fint.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 22:07.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no