Sv: Driter folk i regelverket for au pairer?
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Det er på ingen måte tilfelle heller.
Eg veit om i alle fall 12 vesteuropeiske jenter som er au pair i Oslo nå, som ein del av eit friår etter det som tilsvarer vidaregåande. Dei bruker lønna på å feste saman med svensken i kassa på rimi, tatoveringar, sminke, klede, konsertar og inngangsbillett til Tusenfryd. Eg rekner ikkje med at dei eg tilfeldigvis kjenner til, er dei einaste i Norge som er i denne situasjonen.
Utvekslingsorganisasjonar som Atlantis har dessutan slutta med formidling av filipinske au pairer, nettopp på grunn av problematikken du skisserer. Så eg trur dette er eit problem som dei som arbeider med denne gruppa er veldig klar over.
Det er billig hjelp, det har du rett i. Og det er nok dei som blir utnytta. Men det er på ingen måte ei ordning som utelukkande blir nytta av folk som skal utnytte fattige stakkarar!
Du burde se Brennpunktdokuentaren. Den ligger på NRK nett-tv. Da vil du få et mer helhetlig bilde over situasjonen.
|