Gode juleminner 2012
Jula kan vere strevsom for dei fleste - med familie som ikkje er heilt kompatible, pepperkakehus som aldri blei montert og gaver som ikkje fall i smak. Men dei fleste av oss har sikkert nokre "gyldne øyeblikk" fra helga som har vore Vil du dele? Her er mine:
- da jenta på 9 år på eige initiativ tente alle fire adventslysa på veslejulafta, og med rein og tander barnestemme sang alle versa av "tenn lys", som har sånn nydelig tekst. Farmor gråt og farfar var blank i blikket. Alle satt som fjetra.
- da minstemann på 7 blei så glad for lego star wars battleship'et han fekk at han kasta seg rundt halsen på far og gråt av glede (jada, gledestårer fekk vi fleire av i jula).
- at liten og stor såg julefilmar i TV-stova på dagen den 24, og farmor lo like høgt og hjertelig som ungane over "Alene hjemme".
- at snøen lava ned utanfor vindua våre på julafta og inne var det lys og varme og berre blide ansikt.
Sånn utover det hadde samtlige i huset omgangssjuke (i tur og orden), masse mat måtte kastast (fordi ingen orka å ete det). Dog hadde vi ei fin jul, der alle mirakuløst nok var friske på sjølve julekvelden.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|