Sv: Bytting av julegaver
Det med bøker er eg og litt oppgitt over. Eg ønsker meg alltid konkrete titlar til jul og bursdag, men får alltid ein slik "Det går ikkje an å kjøpe bøker til deg, for du har jo alle", når eg seier at eg ønsker meg det. Men eg blir jo glad for å få nye bøker av forfattarar som Cecilia Samartin, Kate Morton og Paoulo Cohelo, sjølv om eg ikkje les dei. For eg kan jo bytte dei i bøker eg har lyst til å lese! Eg synest det er ein fin ting, eg.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|