Sv: Vil du være med på en religionslekse?
Når det gjeld dette med vanskeleg tilgjengelege tekstar, merkar eg at eg har fleire ulike måtar å lese på. Om eg skal lese Jo Nesbø har eg eit anna oppmerksomheitsnivå, ei anna lesehastighet og ein annan måte å flytte blikket over sida på, enn om eg skal lese Hamlet. Og dersom eg sett meg ned med ei diktsamling, les eg gjerne høgt og mykje meir ei-og-ei-linje, for å få med meg lydane, medan når eg les prosa les eg fortare inni meg. Viss eg prøver å lese Shakespeare i Jo Nesbø-tempo, vil eg nok ikkje få med meg så mykje.
|