Våtmopping av parkett - hjelp!
Vi er i ferd med å overta nytt hus, og samarbeider med entrepenør om utvask. Dei gjer det meste, men vi skal vaske parkettgolva. Dei har sjølv vaska over eitpar gonger for å ta bort det grøvste av skitt, og etter det har eg vaska over 3-4 gonger med jiff-mopp, reint vatn og klut som høyrer til. Men golva er og blir møkkete. Dvs, dei har skjolder. Striper etter moppen, synlege kantar etter at eg skylte kluten. Eg har prøvd å tørke over med tørr mopp, men da blir det enda fleire skjolder.
Dette er kvitmattlakka eik som ikkje er spesielt glatt. Det anar meg at det er vanskelegare å moppe på grunn av at overflaten er litt ru? Må eg ned på alle fire og vaske og tørke for hand???
Eg har uansett vurdert å skaffe meg eit orntli' moppesystem som kanskje er litt kraftigare enn Jif sitt. Noko som har tips her?
Skal eg liksågodt berre skaffe meg ein dampvaske-sak frå Kärcher?
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|