Sv: a-endelser, når er det lov?
Men kva skal språket, og då særskilt nynorsken, vere? Firkanta regelrytteri, eller levande kommunikasjon? Ved å stille opp store barrierer mellom det munnlege og skrivne språket, slik at til og med dei gode skribentane må sitte med ordbok, fjernar ein gleda ved å bruke den målforma som ligg nærast talespråket sitt. Eg syns ofte det er lettare å skrive bokmål, fordi at då må eg uansett omsette dei aller fleste orda. Når eg skriv nynorsk kan eg skrive 99 % rett fram slik eg talar, men eg sit likevel og er usikker, fordi den eine prosenten alltid kjem overraskande på meg. Som tidlegare nemnt går det ofte på kjønn, men eg har og ein del anakronismer i talemålet som eg ikkje lengre har lov til å skrive.
(I arbeidstida må eg halde meg til norma, på fritida gjer eg som eg vil.)
__________________
Litjtausa 06. Lille skatt 07
|