Heimelaga brun saus - oppskrift?
Mor mi laga alltid sin eigen brune saus - posemat var temmelig ukjent. Ho gjorde det på den vanlige måten: smelta smør i ei jernpanne, hadde i kveitemjøl og bruna det, og brukte så dette i kraft / buljong for å lage saus.
Da eg flytta å hybel prøvde eg meg på det same, men ga opp, for det smakte beiskt og svidd. Eg antar eg brukte for sterk varme? Så eg gjekk over til posesausar.
For nokre år sidan fekk jentungen cøliaki, og eg har sjølvsagt slutta med posesaus. I angst for den svidde smaken har eg ikkje prøvd meg på å brune glutenfritt mjøl, sjølv om eg utan å blunke erstattar kveitemjøl med glutenfritt mjøl over ein lav sko i alle andre oppskrifter. Det eg nå gjer er å koke opp buljong, jevne (glutenfritt mjøl rista i vatn/melk), og fargar med sukkerkulør. Greit nok, men ikkje godt nok syns eg. Mulig det er mangelen på smør som manglar, eller mangelen på smaken av steikt mjøl?
Er det mange her inne som brunar seg saus? Eller er det heilt vanlig å lage jevning og farge det med kulør? Korleis får de eventuelt til å brune mjølet utan å få svidd smak?
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|