Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Hjem og utstyr

Kvitevarer frå utlandet

Hjem og utstyr Hus, hage, utstyr, design mm.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 24-02-12, 17:43   #1
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Kvitevarer frå utlandet

Vi bygger hus. Ser at det finst folk som har god erfaring med å importertere kvitevarer frå Danmark/Tyskland/Nederland. Er det nokon her inne som har gjort dette? Da snakkar eg om å bestille på nett og få det sendt - ikkje reise ned og hente (for det gidd eg ikkje).

Moms skal bli trekt fra i landet varen blir kjøpt, og norsk moms leggast til ved import. Dansk moms er nesten den same som i Norge, i Tyskland er den vel 19% trur eg. Uansett -det utjevnar seg nesten. Så kjem toll og frakt i tillegg. Likevel sparer ein fleirfoldige tusen. Reklamasjonsrett kan kanskje vere eit argument imot, men eg veit at f.eks Siemens får ein reparert i Norge, uavhengig av kor ein har kjøpt varen. Eller tar eg feil? Garantien skal jo gjelde uansett? Vår Tv er f.eks kjøpt via nettbutikk - då den trong reparasjon blei vi berre sendt til ein reperatør her lokalt.

Eg skulle f.eks meir enn gjerne hatt denne platetoppen med to fleksi-soner frå Siemens, som tilfeldigvis er den dyraste dei har - skulle du sett...


Den kostar mellom 16 000 og 19 000,- i Norge, takk skal du ha. Eg har sjekka mange plasser (og har da fått den inn i ein pakkepris - slik at eventuelle rabattar skulle komme fram). Heilt uaktuelt å bruke dette på ein platetopp!! Men dansk pris er litt over 9200 norske - straks bedre, sjølv om det framleis er dyrt. Og når vi også skal ha oppvaskmaskin, kjøleskap, ovn og muligens også dampovn med varmeskuff (ikkje av toppmodellane her, litt finger i jorda har vi), så blir det MYKJE å spare. Det er snakk om tusner. Frakt kostar sjølvsagt noko, men ikkje titusner. Og det blir levert på døra. Jupp.

Er det nokon som ser ein hake ved dette, som eg ikkje ser? Bortsett frå at ein ikkje støttar norske butikkar da - den ser eg.

__________________
Jente 2003 og gut 2005

Sist redigert av Syrin : 08-05-12 kl 22:06.
Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 02:09.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no