Kaketilbehør
Om ein månads tid er det bursdag her i huset. Eg vil nok tru at det er prinsessekaker som står i fokus i år og. Og det må jenta få, men eg manglar litt. Eg skulle gjerne hatt ulike utstikkarar, både blomstrar og sommarfuglar. Eg har wilton fargar og kan lage fondant. Eg kjøpte noko farga perlesukker i går som eg vil teste ut på nokre cupcakes som dekorasjon der. Eg har diverse sprøytetuppar.
Men kor finner eg slike utstikkarar og er det lettare å lage slike blomstrar av noko anna enn fondant ? Vil gjerne ha direkte linkar til butikkar/selgarar. Eg går meg vil på ebay og ho som eg har handla hjå frå usa før har vistnok ikkje slike utstikkarar.
Er det noko anna som er kjekt å ha i hus for å pynte kaker ?
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|