Sv: Katt, fordeler og ulemper
Vi fekk oss katt i haust. Det var tenkt på ei lita stund, men vi var ikkje heilt sikre på kva det innebar heller. Det har gått over all forventing. Vi syns det er svært lite jobb med katten - og så er han jo så fin og morsom! . Han er innekatt, men har også tilgang på ein balkong der han voktar alle fuglar og fluger som kjem i nærheten. Vi har satt opp netting slik at han ikkje kan komme over til nabobalkongen.
Kastrert og vaksinert. Når vi reiste bort i påska var han på pensjonat - det kosta 100 kr. natta, og der fekk han godt stell, masse kos, og var saman med andre kattar. Det hadde gått heilt fint. Syns ikkje det var problematisk i det heile tatt. Elles har han vore med til mine foreldre to gonger. Turen tar nesten 4 timar i bil, men ingen problem. Han søv stort sett (i eit bur mellom barnestolane).
Ingen oppkast eller andre etterlatenskaper på golvet. Vi har kattedo med hus over og svingdør. Sand som klumpar seg bra. Det går heilt greit å gjere reint, tar 2 minutt. Må gjerast reint annankvar dag, og gløymer ein det vil ein merke odøren
Sosial, nysgjerrig, kosete og leiken. Ungane er glad i krabaten. Eg har eit ganske nøkternt forhold til dyr - bygdejente som eg er. Eg kjem nok ikkje til å bruke ein formue på katten dersom han blir svært sjuk - men det betyr ikkje at eg ikkje er blitt glad i katteskinnet.
|