Sv: Mat-gave til franskmann. "Typisk norsk"
Gammal tråd, men eg skal på tur igjen og skal pakke ny matkorg!
Franskmannen blei glad, og eg brukte mange av tipsa her inne. På vinmonopolet fekk eg m.a. tak i ei samling med ulike type akevittar på små flasker. Elles masse god ost og diverse.
Nå skal eg på besøk til Tyskland, til denne damen:
http://www.whatsforlunchhoney.net/
Eg er lettare nervøs for at ho har tenkt å plassere meg på kjøkenet... men satsar på at vi i alle fall er to i lag. Ho er gal etter norsk brunost, så eg har tenkt å kjøpe med ein god klump god, ekte, lokalprodusert geitost. Det blir også einerrøkt laks i bag'en, og vurderer eit fenalår. Problemet er vel heller kva som er tillatt å ha med inn til Tyskland...
Sist redigert av Syrin : 11-04-11 kl 22:16.
|